Yes er eit
progressivt rockeband som vart danna i
London i
1968 av Jon Anderson, Chris Squire og Peter Banks. Anderson og Squire vert rekna som hovudkjernen i bandet, ettersom Squire har deltatt på alle utgjevingane og Anderson har vore med på alle unntatt éi. Bandet vert sett på som eit av dei største og viktigaste banda i progressiv rock-sjangeren. Bandet er også kjent for dei
fantasy-inspirerte platecovera sine. Dei fleste av desse er laga av Roger Dean. Trass i mange utskiftingar av medlemmene, har bandet klart å overleve i over 40 år og har framleis ein stor internasjonal skare med tilhengjarar.
Les mer på Wikipedia.org...