Ein vokal eller sjølvljod er ein
fon (ein ljod) som vert laga med ein ubroten luftstraum gjennom
munn, som til dømes dei siste ljodane i dei
norske orda ni, ny, du, mo, be, bø, må, bæ og sa. Meir presist kan vokalen definerast slik:Luftstraumen slepp ut or munnen langs midten av tungaLuftstraumen er ikkje hindra av eit fullstendig lukke i munnen, eller av ei innsnevring som er så sterk at det oppstår høyrleg friksjonDen sterkaste innsnevringa finst mellom
tungeryggen (dorsum) og munntaket
Les mer på Wikipedia.org...