Eit studioalbum er eit musikkalbum innspelt i eit platestudio. Det inneheld vanlegvis ikkje konsertopptak eller remiksar, og i dei tilfella ein finn slike spor vert dei ofte kalla «bonusspor». Tidlegare, i
grammofonplate-tida, var ofte
LP (Long Play record) synonymt med studioalbum, sjølv om ein LP òg inkluderer samlealbum og
konsertalbum, som ein reknar som to andre former for musikkalbum. Studioalbuma vert som regel rekna som dei «verkelege» albuma til ein artist, og plar vere den typen musikkalbum som sel mest.
Les mer på Wikipedia.org...