Rock er ein sjanger innanfor
rytmisk musikk som har røter i
rock ’n’ roll. Rockemusikk er opphavleg musikk i 4/4-takt med eit tydeleg etterslag (backbeat) og har tradisjonelt vori spela av ei oppsetting med
trommer,
elektrisk gitar, elektrisk
bassgitar og ein eller fleire forsangarar. Det har likevel vori bruka nesten alle kjende musikkinstrument i ein eller fleire samanhengar i samband med rockemusikk. Ordet rock heng
ordsogeleg saman med det
norske gjerningsordet å rugga. Rock har røter som går tilbake til
rock ’n’ roll og
rockabilly i 1940- og 1950-åra, som igjen utvikla seg frå
blues,
country og andre musikkstiler. I følgje
Allmusic «har den reinaste forma for rock ’n’ roll tre akkordar, eit sterkt, stødig etterslag (backbeat) og ein fengande melodi. Tidleg rock ’n’ roll var inspirert av fleire musikkstiler, hovudsakleg blues, R&B, og country, men òg
gospel,
tradisjonell pop,
jazz og
folkemusikk. Alle desse vart kombinert til ein enkel, bluesbasert songstruktur som var rask, fengande og mogeleg å danse til» Seint i 1960-åra vart rock blanda med folk til
folkrock, med blues til
bluesrock, med jazz til
jazz-fusion og rock utan tempoangjeving vart
psykedelisk rock. I 1970-åra vart rock vidare utvikla til stilartar som
softrock,
glamrock,
heavy metal,
hardrock,
progressiv rock og
pønkrock. På 1980-talet dukka undersjangrar som
New Wave, hardcore punk og
alternativ rock opp, medan ein i 1990-åra fekk undersjangrar som grunge, britpop,
indierock og nu metal. Eit band som spelar rock vert kalla eit rockeband eller ei rockegruppe. Mange rockeband består av ein
gitarist,
vokalist, bassgitarist og ein trommeslagar som i lag dannar ein
kvartett. Stundom vert enkelte av desse rollene slått saman slik at vokalisten òg spelar eit instrument, slik at bandet vert ein
trio eller ein
duo. I tillegg har mange band fleire musikarar som ein eller to rytmegitaristar og ein
pianist/
organist. Stundom kan ein òg sjå andre instrument som
fiolin eller
cello og blåseinstrument som
saksofon,
trompet eller
trombone.
Les mer på Wikipedia.org...