Eit parlament er ei vanleg fellesnemning for nasjonalforsamlingar i
demokratiske land. Det fanst rett nok før-demokratiske parlament, og den namngjetne nasjonalforsamlinga som har sytt for at nemninga har blitt ei slik fellesnemning, det britiske parlamentet, var sjølv opphavleg ei før-demokratisk forsamling av stormenn. Men frå
Storbritannia kjem det systemet vi kallar
parlamentarisme, som går på tilhøvet mellom regjeringa og den lovgivande forsamlinga, parlamentet. Etter parlamentarismen kan ei regjering ikkje ha negativt fleirtal i parlamentet.
Les mer på Wikipedia.org...