NEAR Shoemaker
© W niniejszym artykule wykorzystano materialy pochodzace z
Wikipedia® i posiada on Powszechna
Licencje Publiczna GNU
NEAR Shoemaker
NEAR Shoemaker
NEAR Shoemaker
Near Earth Asteroid Rendevouz Shoemaker (forkorta NEAR Shoemaker), døypt på nytt etter oppskytinga til ære for forskaren Eugene M. Shoemaker som døydde i eit biluhell i
Australia i
1997, var ein robotisk romsonde bygd for å studera
nærjordasteroiden Eros på kloss hald. NEAR Shoemaker var operativ i bane rundt Eros i nesten eitt år og var den første romsonden til å gå i bane rundt ein
asteroide og den første til å landa på ein. Dei vitskaplege måla til NEAR Shoemaker var først og fremst å returnera data om masseeigenskapar, samansetning, mineral, asteroidens oppbygning (morfologi), intern massefordeling og data om det magnetiske feltet til Eros. Mål av annangrads prioritering inkluderte studie av eigenskapane til asteroideoverflata, Eros sitt møte med solvinden, mogleg fersk geologisk aktivitet, og studie av asteroiderotasjonen. Denne informasjonen kan brukast til å forstå asteroidar generelt, deira forhold til meteorittar og kometar og i tillegg fortelja om forholda var i det yngre solsystemet.
Les mer på Wikipedia.org...
Near shoemaker
NEAR