MErcury Surface, Space ENvironment, GEochemistry and Ranging, forkorta MESSENGER, er ein
NASA-sonde skote opp
3. august 2004 og bygd for å studera
Merkurs omgjevnadar frå
krinsløp rundt planeten. Romsonden skal karaktisera den mineralske samansetninga til merkuroverflata, den geologiske historia til planeten, naturen til magnetfeltet, storleiken på og forholda i planetkjernen, leita etter flyktige stoff ved polområda og studere naturen til
eksosfæren og magnetosfæren over ein periode på èit jordår. Ferda var den første til Merkur på over 30 år - den førre ferda til Merkur var
Mariner 10, som avslutta oppdraget ved Merkur i
1975.
Les mer på Wikipedia.org...