Face to Face er eit album av
The Kinks frå
1966 på Pye Records i Storbritannia og Reprise Records i USA. Det var eit stort kunstnarisk gjennombrot får låtskrivaren
Ray Davies og er det første heile albumet der Davies nytta den forteljande, observerande forteljarstilen med ironiske samfunnskommentarar i songane sine. The Kinks flytta seg her bort frå den harde rock and roll stilen frå 1964-65, som hadde gjort bandet til stjerner. Dette vart òg det første Kinks-albumet som berre bestod av Ray Davies-songar, og var det første albumet deira som vart spelt inn over ein lang periode og ikkje berre i løpet av ei kort innspeling.
Les mer på Wikipedia.org...