Tsjekkoslovakia var ein stat i Europa som vart oppretta den 28. oktober1918 av Tomáš Garrigue Masaryk som ein konsekvens av den fyrste verdskrigen. Tsjekkoslovakia vart oppretta på landområde frå det tidlegare keisarriketAusterrike-Ungarn. Det dreidde seg om dei historiske austerrikske landskapa Bøhmen og Mähren, i tillegg til ein liten del av Schlesien. Frå Ungarn kom området som utgjer Slovakia etter 1993. Dei sudettyske områda av Bøhmen, der det budde mest tyskarar, ynskte å vera ein del av Austerrike. Tsjekkoslovakiske styrkar marsjerte inn i området i 1918. I 1938 vart dei sudettyske områda innlemma i Tyskland som fylgje av Münchenavtala. Mykje av det tsjekkiske forsvaret var bygd opp i området, så Tyskland kunne seinare lett ta resten av landet. Frå 1939 til slutten av den andre verdskrigen utgjorde den historisk austerrikske delen av området det tyske protektoratet Böhmen og Mähren. Slovakia vart gjort til ein eigen stat. I 1945 vart Tsjekkoslovakia gjenoppretta under kontroll av Sovjetunionen. I 1968 vart Tsjekkoslovakia invadert av Sovjetunionen, DDR og Folkerepublikken Polen, etter at landet hadde lagt seg på ein politisk reformkurs.
Les mer på Wikipedia.org...