Sønderjylland er den delen av
Jylland som ligg lengst mot
sør. Området ligg på båe sider av grensa mellom
Danmark og
Tyskland. I Danmark er det sørlegaste
amtet Sønderjyllands Amt, som grensar mot
Schleswig-Holstein (dansk: Slesvig-Holsten) i Tyskland. Slik er amtet den einaste delen av Danmark som har direkte grense mot eit anna land. I nyare tid har Sønderjylland vorte nytta om den sørlegaste delen av Danmark. Den tyske nemninga på området er Schleswig (dansk:
Slesvig). Schleswig kan igjen delast opp i Nordschleswig (Nord-Slesvig) nordom grensa og Südschleswig (Sydslesvig) sørom grensa. Sønderjylland vart i tida
1864 til
1920 styrt av Tyskland. Særleg i den tida var det å syngja songar om Sønderjylland eit teikn på dansk
patriotisme, og eit ynskje om at området ei gong skulle verta ein del av Danmark att. Ein person frå Sønderjylland vert kalla sønderjyde.
Målføret vert kalla sønderjysk (synnejysk).
Les mer på Wikipedia.org...