Latin høyrer til den italiske greini av
indoeuropeiske mål. Opphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i området Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utover Italia, og sidan til mange av områdi kring
Millomhavet. Dei eldre måli der vart trengde ut, og latinen lever vidare i dei romanske måli i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile mellomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i
Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med
gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.
Les mer på Wikipedia.org...