Gud er ei nemning brukt om forestillinga om ei overnaturleg kraft eller eit vesen som har stor makt over verda, og ofte er både allmektig, allvitande og altnærverande. Me skil mellom ein gud med liten bokstav, som kan vera ein av fleire gudar, og Gud med stor bokstav, som då blir rekna som den einaste guden. Tru på noko gudeleg kallar me religion. Religionar har ofte fastsette måtar å nærma seg den overnaturlege krafta på, ofte gjennom ulike seremoniar eller bøn.
Les mer på Wikipedia.org...