FA Premier League er den engelske toppserien i
fotball for menn. Den består av dei 20 beste fotballklubbane i det
engelske ligasystemet. Serien vart oppretta i
1992 av dei dåverande laga i den tidlegare førstedivisjonen i The Football League. Premier League er den mest sette sportsligaen i verda, og også den mest lukrative. Det er berre fire klubbar som har makta å vinne ligaen i løpet av dei 16 sesongane den har eksistert;
Manchester United,
Blackburn,
Chelsea og
Arsenal. Manchester United har vunne den suverent flest gangar med sine 10 meisterskap.
Les mer på Wikipedia.org...