Det kyrilliske alfabetet er eit skriftsystem som vert brukt til å skriva mange språk frå
Aust-Europa og
Asia. Dei fleste språka som vert skrive med det kyrilliske alfabetet har små variasjonar i kva skriftteikn som vert brukt, for å tilpassa alfabetet til språklydane i språka. Den vanlegaste varianten er
det russiske alfabetet, som vert brukt for å skriva
russisk språk. Det kyrilliske alfabetet vert òg brukt til fleire språk i land som tidlegare var del av
Sovjetunionen, til dømes
ukrainsk og
kviterussisk. Dei fleste minoritetsspråka i
Russland, til dømes
tsjuvasjisk,
komi og tsjetsjensk, vert òg skrivne med eigne variantar av det kyrilliske alfabetet. Utanfor den tidlegare
Sovjetunionen vert det kyrilliske alfabetet brukt i serbisk,
bulgarsk,
makedonsk og mongolsk. Enkelte språk som i sovjet-tida vart skrivne med det kyrilliske alfabetet har i den siste tida skifta til
det latinske alfabetet, t.d. aserbajdsjansk.
Les mer på Wikipedia.org...