Athos (
gresk: Όρος Άθως) er eit fjell og ei halvøy i
Khalkidikí nord i
Hellas kalla Άγιον Όρος (Ayion Oros, Agion Oros, «det heilage fjellet»). I
antikken vart halvøya kalla Ακτή (Acte eller Akte). Politisk er ho kjent i Hellas som den autonome klosterstaten til det heilage fjellet. Staden er oppført på lista over
verdsarv og er heim til 20
ortodokse kloster som utgjer ein autonom
teokratisk stat innafor
republikken Hellas. Andeleg ligg Athos direkte under lovgjevinga til det økumenske patriarkatet Konstantinopel.
Les mer på Wikipedia.org...